I kveld har me fått melding frå Vikedal om god kjøring av våre lokale håp i bilcross.

Best av rivalane frå Fitjar Racing Team i dag var bursdagsbarnet Gisle Aarbø (17 år). Han varta opp med 2 heatsigrar og ein andreplass. Jonas K. Lønning fekk to tredjeplassar og ein sjetteplass med litt tekniske problem. Desse problema er no fiksa, og teamet er no klar til meir kjøring i morgon. Då er det to innleiande omgangar og finalekjøring.

Fitjar Racing Team ligg godt an til finalekjøring. Dei fortel til fitjarposten.no at dei håper mange fitjarbuar tar turen til Vikedal i morgon. Køyringa startar klokka 10.