Handballgutane til Fitjar var i Bergen i dag og kom heim med eitt tap og ein siger.

Gutane i tolvårsklassen har fått ein fin start på sesongen, og i dag viste dei på nytt at dei klarer seg godt i serien. I første omgang mot Mathopen heldt dei fram der dei slapp heime torsdag kveld, og kunne gå til pause med leiing 5-3. Men denne gongen heldt det ikkje heilt inn; dei miste konsentrasjonen dei siste 10 minutta, og måtte tola eit surt tap 13-9.

Målscorarar mot Mathopen:
Jon Andreas Hopperstad 2
Arild F. Waage 1
Marcus Opshaug Tranøy 2
Torstein Raunholm Kjelling 1
Johathan Tranøy 1
Marius strand 1

I den andre kampen, mot Sandviken, gjekk det betre, og dei kunne innkassera ein fin lagseiger 14-11. Forsvaret fungerte godt frå start, samstundes som gutane viste offensivt angrepsspel. Fitjar-keeperen spela ein knallgod kamp, han gjekk motspelarane i møte, tolte mykje juling og psyka dei ut.

Målscorarar mot Sandviken:
Arild F. Waage 1
Marcus Opshaug Tranøy 4
Markus Gerhardsen 1
Jonathan Tranøy 2
Torstein Raunholm 6