Ei god generalprøve for Sotrafestivalen og ein svært triveleg torsdagskveld vart det i Kultursalen i går.

Fire korps, pluss eit aspirantkorps, gjorde alle sitt til at me sit att med ein godsmak etter denne kvelden. – Med litt finpuss, som ein god konferansier Ole Christian Ottestad, sa det, kan det gå svært bra for korpsa på Sotra i helga.

Først ut var Stord skulekorps sitt juniorkorps. Visst høyrde me at dei er aspirantar, men arrangementa deira var så annleis og artige at dei verkeleg fekk humøret fram i salen.

Hos Sagvåg skulekorps var perkusjonen det første me la merke til. Svært bra og berande, ikkje minst i salsa-en av Richard Rock. Me merka oss òg kornettrekka, med ein svært dyktig Lars Almås i spiss saman med Magnhild Solvoll og Cecelie Arnevik Sæbø. (Så bilete nede til høgre).

Rommetveit skulekorps imponerte oss særleg med Introduksjon & Punk av Torstein Aagaard-Nilsen. Eit annleis stykke med mange atonale klangar og spesiell melodiføring, som me syntest dei takla svært bra. Duoen med Vegard Morvik på kornett og Robert Sylta på Horn, var strålande. Her òg har me lyst til å trekkje fram tromissen. Stian Onarheim gjorde ein strålande jobb.

Stord skulekorps er eit janitsjarkorps og har såleis med både sax, fløyte og klarinett mellom instrumenta. Såleis ein fin variasjon innimellom all messingen. Særleg i Arabian Dances av Roland Barett kom dette til sin rett. Supert spel i eit spennande arrangement som skapte herleg austerlandsk stemning.

Fitjar skulekorps starta med nummeret dei spelte ved opninga av vindmølleparken: Blaze of Glory. Kraftfullt, tett og presist, noterte me. Det store nummeret, og den største utfordringa for dei under Sotrafestivalen, trur me likevel blir Celtic Origins av Richard Rock. Eit spennande og krevjande nummer med flotte variasjonar, og med bitte litt finpuss her og der i einskilde passasjar, kan dette bli svært bra. Mykje heider må òg gå til solistane Oda Rydland og Ingvild Prestbø.

Så er det berre å kryssa fingrane for at det går bra i helga. Fitjar skulekorps har ein god tendens til å vere best når det verkeleg gjeld!