Unge friidrettsutøvarar frå Fitjar har levert ei rekkje gode resultat i sesongen som gjekk, kan me lesa på bloggen til trenar Bård Inge Bø.

Friidrettstrenaren har lagt inn resultata på bloggen til Fitjar IL friidrett. Han har rangert resultata etter Tyrvingtabellen, og fortel at 700 poeng er bra, medan alt over 900 poeng er knallbra.

Ikkje uventa er det Tone Brakedal som har stått for dei beste prestasjonane. Det aller beste reultatet hennar er på 200 meter hekk, 30,72 sekund. Det gir 1044 poeng etter Tyrvingtabellen. Også 8,11 på 60 meter, 9,54 på 60 meter hekk, 10,93 meter i tresteg og 13,04 på 100 meter gir over 1000 poeng etter den same tabellen. Resultata hennar i lengde, 80 meter hekk og 200 meter gir godt over 900 poeng.

I tillegg til Tone sine toppresultat finn me ei rekkje knallgode prestasjonar:

Eline Fitjar Hjelle (10) kule 5,24 meter – 894 poeng.
Marius Torbjørnsen (10) tresteg 7,10 meter – 890 poeng.
Tone Sandtorv Brakedal (14) kule 8,89 meter – 885 poeng.
Jakob Myhre (9*) LUT 1,80 meter – 850 poeng.
Sander Aarskog (9*) kule 6,29 meter – 836 poeng.
Anna Sandvik Bø (9*) HMT 1,00 meter – 835 poeng.
Svanhild Vestbøstad (10) kule 4,73 meter – 832 poeng.
Julie Midtsæther Torvund (10) kule 4,72 meter – 832 poeng.
Marius Torbjørnsen (10) lengde 3,30 meter – 830 poeng.
Joakim Malkenes Fitjar (9*) LUT 1,76 meter – 830 poeng.
Oda Rydland (14) kule 8,29 meter – 828 poeng.
Joakim Malkenes Fitjar (10*) høgde 1,00 meter – 825 poeng.
Tone Sandtorv Brakedal (14) HUT 1,10 meter – 810 poeng.
Svanhild Vestbøstad (10) LUT 1,73 meter – 808 poeng.
Joakim Malkenes Fitjar (9*) lengde 3,16 meter – 802 poeng.

Til liks med friidrettstrenar Bård Inge Bø ser me allereie fram til neste seong.