10 Fitjarungdomar gjorde sine saker bra i Parkløpet, som i år også var krinsmeisterskap i terrengløp. Her er Linnea Vestbøstad i tet 200 m frå mål. Anna Sandvik Bø er her på 4. plass. Foto: Bård Inge Bø

-Linnea Vestbøstad (11) gjekk heilt til topps på sin 600 m. Anna Sandvik Bø(11) spurta inn til 2.plass. Dobbelt Fitjar, føre 13 Stordløparar tar seg godt ut på resultatlista.

Den neste førsteplassen til Fitjar sørga Johannes Sandvik Bø (9) for på sin 300 m. Her sprang også bror Bjart (8) eit bra løp.

Johannes i klar leiing 100 m frå mål. Foto: Bård Inge Bø

Clara Wohlrab (12) debuterte med ein flott 2. plass, tett følgd av Ingvild Olsen de Fine(12) på 4.plass. 

Joakim M. Fitjar held fram som ein meisterskapsløpar. 3.plassen hans kom etter eit veldisponert løp, der han brukte akkurat så mykje krefter som han trengte for å kome på pallen.

Brørne Marius(12) og Eirik Torbjørnsen(10) synte igjen sitt potensial i den harde konkurransen. Marius inn til 4.plass, Eirik inn til ein 7.plass.

Jens Øien Kloster(13) viste at han har sprunge orientering før. Trass knallhard opning, kom han heiderleg til mål til ein fin 4.plass. 4 fattige tideler frå pallen, skriv Bård Inge Bø i ein mail til fitjarposten.no.

Jens-spurt siste motbakken før mål. Foto: Bård Inge Bø

I denne klassen sprang også Anders Lønning og Viktor Fjelltun inn til plassane bak Jens, i den rekkefølga.