Fitjar Idrettslag var godt representert med unge utøvarar under friidrettsstemnet på Vikahaugane laurdag.

Utøvarane frå Fitjar deltok i høgde, kule, lengde og 60 meter, under innandørsstemnet på Vikahaugane på Stord. I aldersrekkjefølgje var desse med: Bjart Sandvik Bø (6), Johannes Sandvik Bø (8), Eirik Torbjørnsen (9), Anna Sandvik Bø (10), Linnea Vestbøstad (10), Julie Midtsæther (10), Joakim M. Fitjar (10), Siren Vik (11), Natalie Steien (11), Eline Fitjar Hjelle (11), Marius Torbjørnsen (11), Ole Rørvik Rimmereid (14), Bård Inge Bø (veteran).
 
Stort sett alle, bortsett frå ein eller to, sette personlege rekordar. Og dersom ein skal trekkje fram einskildprestasjonar, kan ein nemne at både Natalie Steien (11) med 3,40 i lengde med tilløp, Joakim M. Fitjar (10) med 6,04 i kule, Anna S. Bø (10) og Linnea Vestbøstad (10) begge med 1,05 m i høgde med tilløp, oppnådde over 800 poeng etter tyrvingtabellen.

Resultata elles kan du lesa her.