Best av Fitjar-løparane under gårsdagens KM Ultralang i Sveio blei Harald Westerheim med ein andreplass i klassen H60.

Ni løparar frå Fitjar deltok i KM Ultralang Rogaland og Hordaland i Sveio i går, fortel Rolf-Atle Rolfsnes i orienteringsgruppa. Harald Westerheim stod for det beste lokale resultatet, med ein god 2. plass i H60. Anders Sætre fekk òg ei god plassering, og tok 2.-plassen i B-Open. Det same gjorde Karen Marie Sætre i C-Open. Jens Øien Kloster hadde òg ei god tid i N-Open.

Komplett resultatliste finn du her: