Ti deltakarar, og nokre trenarar og søsken, frå Fitjar marsjerte inn under Fitjar IL si flotte fane, og reiste heim frå Haugesund med heider, ære og mange nye personlege rekordar.

Laurdag 26.05.

Som vanleg var det Tone Sandtorv Brakedal (13) som sørgde for at Fitjar IL var oppført i øvre del, og aldeles på toppen av resultatlistene. På 60 meter hekk kniva ho også denne gongen jamt med erkekonkurrent Kari Herting frå Bergen turn. Denne gongen sat starten til Tone, løpet elles var høgst godkjent, og då vinn Tone! Tida 10,1 er personleg rekord.

På 60 meter sette ho pers allereie i forsøket med glimrande 8,33. Dette var best av alle dei 34 løparane i 13-årsklassen. I finalen kom ho litt bakpå i starten, og sjølv den sugane avslutninga frk. Brakedal alltid har, var ikkje denne gongen nok til å innhente heile forspranget til Ingrid Olsen frå Egersund. Vinnartida hennar vart 8,23, medan Tone kasta seg inn til ein flott 2.-plass i det jamne heatet, med same tid som i forsøket.

Oda Rydland (13) kapra også ein bronsemedalje i sin kulekonkurranse. 8,93 er personleg rekord og heldt til ein flott 3.-plass, i knallhard konkurranse med 16 påmeldte deltakarar.

Av rekruttane våre noterer vi oss at dei potensielle løpsfantombrørne Marius (9) og Eirik Torbjørnsen (7) allereie no har byrja å kome inn som nummer 1 og 2 i heata sine. Saman med Johannes Sandvik Bø (6) hoppa dei også lengde og gjorde sine saker bra! På jenterekruttsida var Linnea Vestbøstad og Anna Sandvik Bø (begge 8) også med på 60 meter og lengde. Alle fekk medaljer for strålande innsats!

Søndag 27.05.

Tone kliner igjen til i lengde med ny pers på 4,76 meter (ein cm betre enn den gamle). Ingen andre 13-åringar kan straffe slikt her på Vestlandet. Med andre ord: klar 1.plass til Tone.

Ole Rimmereid Rørvik (12) hoppar 1,10 i høgde med tilløp. Flott ny pers, som gir ein 14.-plass i den harde konkurransen. I kule støter Ole 5,29 meter og oppnår ein 12.-plass. I same øvinga støter Markus Kongestøl Vik (12) 4,89 meter, som held til ein 15.-plass.

Ådne Kongestøl Vik (14) syner stadig at han har noko bra på gang. 200 meteren hans på 29,34 (pers) heldt til siger i heatet, og ein 10.-plass totalt. I høgde kom han denne gongen ikkje opp mot sitt aller beste, men 1,40 og delt 6.-plass er sterkt i dette selskapet!

Tone fekk også 1,40 m i høgde (tangering av pers), dette gav henne ein 4.-plass med same resultat som nummer 3 (men med fleire riv).