Dei unge friidrettsutøvarane frå Fitjar viste fin innsats og oppnådde fleire imponerande resultat under treningsstemnet i friidrett på Vikahaugane laurdag.

Best av alle fitjarbuane var den gamle tometersmannen i høgde, Bård Inge Bø, som svinga seg elegant over 1.90 m, berre 20 cm bak personleg rekord. Men han stilte utanfor konkurranse denne gongen. Han var med som trenar og leiar for femten unge og lovande jenter og gutar frå Fitjar, saman med to andre eldsjeler, Rolf Vik og Tom Rydland. Desse leiarane er i ferd med å byggja opp eit godt friidrettsmiljø i Fitjar.

Dei unge atletane i alderen 10-13 år konkurrerte mot utøvarar frå Stord og Haugesund, og stod for fleire fine resultat. Men ei komplett resultatliste er ikkje klar frå arrangøren si side enno; me tar derfor berre med eit lite utval her. Den mest imponerande prestasjonen stod Tone Brakedal for, då ho sette ny personleg rekord i høgde med 1.37. Tone vann i tillegg lengde og 60 meter i 12-årsklassen i suveren stil. Me la også merke til flotte kulekast; Oda Rydland vann 12-årsklassen med 7.50 m, og Sandra Pedersen 13-årsklassen med 7.62 m. Frida Hatlevik Kjærland imponerte med eit flott 60-meterløp på 9.87.

Fitjarungdommane viste fin sportsånd og mange fine prestasjonar, og Fitjarposten vil koma tilbake med fleire resultat seinare.