Dei engasjerte ungdomane i Fitjar ungdomsråd jobbar på, og hadde i går sitt nest siste møte før sommaren.

Ungdomsrådet i Fitjar etterlyste tidlegare i år betre informasjon om helsetenestene for unge i Fitjar. Dei hevda at det ikkje var nok informasjon om kva tilbod som eksisterer, eller om når, og korleis ein nyttar dei.

– Mange på ungdomsskulen går heller ikkje til helsesøster på skulen fordi dei har høyrt rykte om lang venteliste. Dei treng hjelp, men orkar rett og slett ikkje å bli pina ved å vente, skreiv dei.

Fitjar kommune svara ungdomsrådet, og inviterte dei til møte for å diskutera korleis dei kan nå betre ut til ungdommane på Fitjar.

På ungdomsrådet i går orienterte leiar Oda Volden de Fine om korleis møtet med helsestasjonen gjekk. Saman med Romante Zemgulyte, Eirin Moldestad Oma og Eline Fitjar Hjelle fekk ho omvising på helsestasjonen.

– Me fekk mykje informasjon om kva tilbod dei har som om prevensjon og psykisk hjelp. Dei informerte oss om at dei har fått tilskotsmidlar til helsestasjonen og skulehelsetenesta, sa Volden de Fine.

Helsestasjonen var glad for møte med ungdomsrådet, og tok ideane deira til rette.

– Dei skal få opp fleire plakatar på skulen, og dei skal rundt i klassane å snakka om helsetilboda. Dei likte elles ideen om å få informasjon opp på TV-skjermane, som på dei på kulturhuset, fortalde jentene som var på møte.

- Annonse -

Ungdomsrådet er svært nøgd med den gode dialogen dei har fått med helsestasjonen.

Flytebrygge og ungdomsdiskotek

Ungdomsrådet hadde mange sakar oppe på møtet i går. Blant anna har dei starta planlegginga av ungdomsdiskoteket dei skal arrangera under Fitjarfestivalen. Her vert DJ og god stemning.

Rådet vil ogso jobba for ny flytebrygge i Breiavikjo, dei ynskjer seg genserar med logo på og prøver å finna ut om det er mogleg med ope hus fleire dagar i veka. Ungdomane saknar ein stad der dei kan vera saman på fritida.

Siste saken dei skal jobba med før sommaren er innspel til revidert budsjett i juni, for nokre vert dette siste saken dei jobbar med før dei går ut av rådet til hausten.