Rundt 60 løparar totalt, 37 nybyrjarar og 23 andre, deltok på orienteringssprinten med utgangspunkt på Kunstgrasbanen i Fitjar i går, opplyser Rolf-Atle Rolfsnes til fitjarposten.no

Rolfsnes fortel vidare at dette var første løpet denne sesongen, og 1. sprintløp/nybyrjarkarusell i ein serie på 5. I tillegg er det 12 rankingløp og nokre andre løp i løpet av sesongen, så det er mogleg å springa løp i Sunnhordland kvar tysdag framover.

Resultata blir lagt ut på Stord sine nettsider etter kvart løp. Det kjem linkar frå denne terminlistesida på her. (ekstern nettside)

Det blir òg lokale løp på Fitjar nokre torsdagar, som omtalt i tidlegare artikkel.

Allereie torsdag i neste veke er det mogleg å bli med frå klubbhuset. Her blir det både N-løype og ei litt vanskelegare C-løype.