Noko under middels iskvalitet hindra ikkje 26 deltakarar å gi alt på sprintdistansen 50 meter på «Vestbøstadtjødno Arena» no på søndag.

Alle fekk gå så mange gonger dei ville, og dei ivrigaste gjekk både 10, 12 og 14 gonger før dei var nøgde. Til saman vart det gått 150 sprintar.

Litt uflaks med vêret gjorde prepareringa av banen tidkrevjande og vanskeleg. Men når Nils Vestbøstad no har laga «vatningsmaskin»(ein kjelke med badekar på), kan arrangørane i friidrettsgruppa vonleg få til noko betre is framover dersom kuldegradene held seg.
Leiar i gruppa, Rolf Vik, snakkar om eit nytt forsøk i romjula.

Alfabetisk resultatliste (berre beste tida til kvar deltakar er tatt med):

50 meter
Alma Brekke (5 år) 25,8 sek.
Anna Sandvik Bø (6 år) 11,7
Bård Inge Bø (33 år) 8,0
Dagfinn Brekke (38 år) 10,2
Eli (9 år) 13,9
Elisabet Rydland Sæbø (4 år) 49,9
Guro Rimmereid (12 år) 9,5
Helene Eiken (9 år) 13,1
Helga Rimmereid (40 år) 10,2
Hilde Karin Eiken (34 år) 9,5
Håvard Fitjar (7 år) 12,5
Johannes Myhre (12 år) 9,3
Johannes Sandvik Bø (4 år) 18,0
John Nøttveit (12 år) 9,8
Karen Elisabet Rydland Sæbø (32 år) 9,4
Lars Rydland Sæbø (6 år) 20,3
Lina Rydland (9 år) 15,4
Markus Kongestøl Vik (10 år) 12,0
Marte Rimmereid (10 år) 10,1
Mats Vik (7 år) 17,1
Rolf Vik (50 år) 8,1
Rune Rimmereid (41 år) 8,8
Siren Brekke (5 år) 21,9
Sofie Rimmereid (7 år) 15,1
Torbjørn Eiken (6 år) 22,0
Ådne Kongestøl Vik (12 år) 9,6

1000 meter
Rolf Vik 2,24
Bård Inge Bø 2,38