Fitjar skulekorps skapte god, gamaldags basarstemning med marknaden sin i gymnastikksalen på Rimbareid skule torsdag kveld.

Vel 160 frammøtte fekk med seg mykje flott korpsmusikk, to åresal, hovud- og barnebok-trekning og mykje god mat frå kiosken under årets marknad.

Både skulekorpset og musikklaget stilte med songsolistar på sine framføringar. Med skulekorpset song Marthe V. Nordfonn og Silje Rydland, og med musikklaget song nytilflytta fitjarbu Lisa Instefjord. Alle korpsa, inkludert juniorkorpset som imponerte med svært høgt nivå på kort tid, spelte kjende og publikumsvenlege songar som det var lett å trampa takten til.

Dei frammøtte støtta villig korpset med å kjøpa skrivelodd og årar, og dei autoriserte «trekkjarane» Terje Træet og Terje Vidar Vestvik skapte både humor og spenning rundt trekninga av alle dei flotte gevinstane korpset stilte med.

Det ligg mykje førebuing og god planlegging bak den gode basarstemning, så all ære til musikantar og foreldre i Fitjar skulekorps for eit svart godt organisert og gjennomført arrangement.

Fitjar skulekorps med sin dirigent Svein Roger Koppang.