Lars Ove Rimmereid er ute med forhaustaren for fjerde gong denne sesongen.

Fredag ettermiddag haustar han eittårig raigras på eit av jordene sine. Graset skal  ikkje i siloen, det vert frakta inn i fjøset og lagt på forbrettet. Så ferskt og grønt gras  som er hausta etter ei veke med godver langt uti oktober, må vel vere snadder for kyrne. Lars Ove fortel at han sådde eittårig raigrasfrø ein av dei siste dagane i april og første slåtten var avslutta i begynnelsen av juni. Sidan den tid har det altså blitt tre slåttonner til, og avlingane har vore gode. Gjenvekst i ei eng med eittårig raigras blir dårleg dersom vinteren er kald, forklarer Lars Ove. Han har tenkt å pløye og setje poteter der til neste år, uavhengig av korleis vinteren blir.

Ingressbilete Turid Sandvik: Lars Ove Rimmereid i gong med fjerde slåttonna.