På Fitjar bedehus ligg det mange flotte kle og anna som folk har gløymt att der.

Hekletøy, ein Kari Traa-regnjakke, to refleksvestar, fire svarte paraplyar, eit knippe ulike sjal og ein god del andre flotte ting ligg åleine og forlatne i garderoben på Fitjar bedehus. Kjenner du att noko på biletet og du meiner det er ditt, så kan du få tak i det når bedehuset er ope i samband med arrangement der, eller du kan ta kontakt med nokon som har nøkkel til huset, som f.eks. styreleiar Elin Sørfonn. Elin kan kontaktast på telefon 481 24 131.