Det er enno nokre få ledige plassar på TINE Fotballskule i neste veke, melder Sonja Fitjar Waage i Fitjar Idrettslag.

Det er nokre ledige plassar att på Tine Fotballskule. Den vert arrangert på Fitjar Idrettspark madag 22. til onsdag 24. juni. Born i aldersgruppa 7 til 11 år er velkomne.

Pris pr. deltakar 500 kr. Inkluderer: Tinesekk, t-shorte, ball, diplom, frukt og tineprodukt.

Fotballgruppa ser fram til trivelege og aktive dagar på Fitjar idrettspark i lag med mange engasjerte born. Påmelding : annkristinlarsen@haugnett.no.