Me hadde store forventningar til konserten med operasnikkaren Runar Thor Gudmundsson og Irene Simonsen. Dei vart alle innfridde – og vel så det.

Rundt 80 på plass i Fitjar Kulturhus i kveld var altfor lite. Det burde vore fullt hus.

Runar synte nye sider av talentet sitt heile tida, og det gjekk etter kvart opp for oss at denne tenoren har kontroll på det meste. Alt i frå lyriske og kjenslevare passasjar i pianissimo til dramatiske sluttsatsar i fortissimo gjekk rett inn under huda på oss. Ei utruleg fin oppleving.

Og Runar var ikkje åleine om å gje oss den.

– Me spurte han etter konserten kva han meinte om Irene Simonsen som pianist. Det hadde han berre eitt ord for, og han gjentok det mange gonger: Fantastisk!

Det var det òg. Irene Simonsen sin pianoinnsats fortener eit slikt uttrykk. Ho følgde Gudmundsson som ein skygge, utan å dominere. Ho fylte ut, krydra, streka under og fremheva songen på ein meisterleg måte, slik ein topp akkompagnatør skal. I ein del overgangar fekk ho òg vist fram nokre av dei kvalitetane ho har som konsertpianist.

Me må innrømme at me på førehand tenkte at ein konsert med berre piano og song kunne bli litt einsformig. Slik vart det ikkje. Musikken var svært variert, og kunstnarene passa kvarandre som hand i hanske, ispedd ein god del lun humor.

Det einaste me skulle ønskje annleis var at konserten hadde vart noko lenger.

Me vil rett og slett ha meir – og vonar det ikkje vil bli lenge til neste gong me får høyra desse to i samspel.