Fitjar ad hoc hadde henta med seg Gurid Refvik til temakvelden med Ludvig Mathias Lindeman. Det gjorde dei rett i.

Med sin runde og varme sopran og nydelege utstråling var namnet hennar på mange sine lepper etter temakvelden i Fitjar kyrkje i kveld. For oss vart òg hennar framføring av «Så vide om land» med eit svært enkelt komp og «Du som går ut frå den levande Gud» med Martin Hatlevik og fullt orkester, høgdepunktet for kvelden.

Kvelden romma elles friske, svingande instrumentalar med Ole Christian Ottestad på saxofon i lag med dei andre musikarane, og Fitjar ad hoc-gjengen synte endå ein gong at dei er svært dyktige musikarar. Ivar Hovland ditto lydmann.

Kvelden vart elles greitt leia av Olav Oma, og Eli Simonsen delte ut spennande kaffigåver til deltakarane på slutten av arrangementet.

Takka vere eit interessant foredrag av Svein Tørnquist, fekk me òg mykje nytt om Lindeman med oss ut i haustmørkret.

Gjengen bak temakveldane i kyrkja skal endå ein gong ha ros for eit flott arrangement.

best legal steroids