Fløytistane Olga Vestbøstad og Helene Eiken, saman med rektor Anne Lene Østvold Jordåen, alle frå kulturskulen, var dei første solistane under konserten til inntekt for nytt orgel søndag kveld.
Osternes Mannskor song mellom andre songar Jul, Jul, Glitrande klår, der Karvel Strømme hadde skrive teksten om til nynorsk. Dei hadde også forsterka med Rùnar Thòr Gudmundsson på nokre av songane sine. Foto: Arne Vestbøstad
Sigrid Fangel bidrog med opplesing av «Jordens mest dyrebare skatt», av Martin Lønnebo. Foto: Arne Vestbøstad
Kulturskuleelev Guro Rimmereid spelte stykka «Kuhreigen» og «Halling» av Edvard Grieg. Foto: Arne Vestbøstad
Ei verdig avslutting på konsertbidraga var Fitjar Musikklag, som viste at det er god trøkk i den «eldre garde» òg. Foto: Arne Vestbøstad
Til slutt takka soknerådsleiarTorunn Aarskog alle som var på konserten, både publikum og aktørar, og lokka med at det snart vil koma eit nytt piano til kyrkja som vil løfta framtidige konsertar i kyrkja ytterlegare. Gåva er finansiert av anonyme givarar,