Torsdag kveld er det duka for ein særs storstilt sogekveld i Kultursalen i FKIB.

Her vert det innslag frå Håkonarspelet, musikk, dans, fokus på Osternes festning, heksebrenning, dikt, soger, song, kafé og visning av Osternesmodellen i pausen. Ei breidde utan sidestykke. 

Mellom aktørane finn me både lag og einskildpersonar. Nokre gode, gamle travarar – men òg andlet me ikkje har møtt så mykje på scena før. Bygdekvinnelaget held kafé frå kl 1830 og i pausen. Her vert det sal av rømmegraut og kaker etter gamle oppskrifter.

Har du ikkje skaffa deg billett, kan du skaffa deg ein hos Theodor Træet, hos Larsen Multihandel eller ved inngangen.