Nærare 20 utstillararar har tinga plass på årets Fitjarfestival.

Det er truleg same antal som i fjor, og mange av dei er tilreisande. Festivalsjef Harald Rydland seier seg godt nøgd med god variasjon i produkta som er utstilte. Kortreiste matvarer og handarbeid eller kunst frå nærområdet høyrer med. I eit av telta er det sal av brukt og antikvitetar ved nokre damer frå Bergen.

I eine enden av bodgata finn ein fleire aktivitetar for born og det populære matteltet i motsett retning. I nærleiken er også festivalkontoret.

Elles oppfordrar me fitjarbuane til å ta ein tur i bodgata i morgon eller søndag, for no er det nok stengt. Der er mange fleire salsvarer enn dei som er nemnde her. I ettermiddag såg det ut til å vere kanskje dobbelt så mange frammøtte som i fjor. Sola skein, men som alle veit, nordavinden er alltid kald.