Første adventssøndag vert alltid markert i heimar, kyrkjer og bedehus med ljostenning som eit fast innslag. Men også julemesse høyrer med til første adventshelg.

På Fitjar bedehus var det mykje aktivitet frå tidleg føremiddag til sein ettermiddag på laurdag. Litt over ein time etter at messa starta var det selt meir enn 50 liter graut av god, gammal oppskrift. Anne Berit Vik og Magnhild Turøy er faste grautkokarar, og dei fortalde at litt fløte må til for å få god smak. Elles var det rikt utval av småkaker og syltetøy ein kunne kjøpe med seg heim. Alle varene vert spandert av medlemmene i dei ulike foreningane, seier Astrid Bukkøy, og dei sørgjer for at det skal vere rikeleg. Det gjeld også hovudgevinstar og åregevinstar. Åresal høyrer med til ei julemesse, likeins andakt og song og musikk. Barnemøtet samla fullt hus denne dagen. Klokka seksten starta hovudmessa og då kom rundstykke og smørbrød på bordet, og mykje folk støtta opp om basaren. Inntekta går kvart år til drift av bedehuset og alle misjonsforeningane er medansvarlege, og har sine faste arbeidsoppgåver.

Til saman 120500 kroner kom inn på julemessa denne gongen.

Ved adventsfrukosten i Øvrebygda var det bra frammøte både av born og vaksne. Folk set pris på å kome til ferdiglaga måltid. Gustav Helland tende det første adventljoset og Terje Koløen heldt andakt. Også på Fitjar bedehus er det tradisjon med adventsfrukost. Der var det rekordframmøte i dag, med 133 små og store. Johannes S Bø tende første ljoset i adventkransen, og forteljinga om Josef som fekk besøk av ein engel vart formidla på ein fin måte.