I vegkrysset til Koløyholmen vart ein møtt av ei flott flagg-rekkje.

Svært mange møtte fram på Øvrebygda skule for å feire årets grunnlovsdag. Dei fleste av desse hadde nok først delteke i feiringa i sentrum, der det var tog, gudsteneste og program i kultur- og idrettsbygget.

Tradisjonen tru kasta skuleborna glans over festen i gymsalen med diktlesing og song. Ein av elevane, Malene Alsaker, var også programleiar. Ordførar Wenche Tislevoll var årets talar. Ho nemnde blant anna kjærleik til fedrelandet, kor viktig det er at me bryr oss om kvarandre, og minnast attende til eigen barndom då ei stor brusflaske og ein chipspose vart delt på fem sysken.

Foreldra ved skulen følgde gammalt og godt opplegg då dei sytte for betasuppe, kaffi og gode festkaker. Dei gjer ein kjempeinnsats kvart år både med matstell og leikar for borna. Utruleg nok vart det opplett slik at desse kunne føregå utandørs.

Øvrebygdarar og tilreisande set stor pris på samlinga i gymsalen kvar 17. mai.

Om kvelden inviterte Øvrebygda Indremisjon til fest på bedehuset, der alle aldersgrupper var representerte. Per Magne og Bjørg K Torvund deltok med song og andakt. Elles var det opplesing og konkurranse. Koldtbordet fall i god smak denne gongen også.