Både små og store fotballspelarar i Fitjar er i full gang med førebuingane til ein ny sesong.

Fredag ettermiddag var me innom idrettshallen på Fitjar og såg 15 små gutar i full aktivitet. Trenarane Ove Nesbø, Ole Berge Hovland og Willfred Waage hadde med seg ein gjeng håpefulle 10-11-åringar til ein times variert innandørs fotballtrening i ruskevêret.

Etter det me kunne sjå, har dei ikkje tapt mykje fart og dugleik sidan fjorårssesongen tok slutt. Motivasjon og innsats var heilt på topp; det same var stemninga. Så her er det berre å gle seg til talenta om eit par månader får utfalda seg i fullt dagslys.