Fitjar bedehus har kjøpt seg splitter nye stolar, og takkar alle som har vore med på å gjera kjøpet mogleg.

– Dei gamle stolane var nye når bedehuset var bygd i 1982, so dei nærma seg 40 år og det var på tide å bytta dei ut, fortel leiar i styret til Fitjar Bedehus, Elin Sørfonn.

Ho kan vidare opplysa at dei har spart dei finaste av dei gamle stolane til reservebruk.

– Me heiv rundt halvparten av dei gamle stolane, dei med ødelagte stofftrekk eller andre manglar.

Takkar støttespelarar

Dei 90 flotte nye stolane vart finansiert gjennom ein innsamlingskampanje, og både privatpersonar og verksemder støtta generøst.

– På vegne av styret takkar eg alle som har vore med på å støtta oss med midlar, både privatpersonar og verksemdene Fitjar sokneråd, Årskog elektro, Vesthaugane brygge og Sparebanken Vest.

– Elles vil eg takka Engevik & Tislevoll som hjelpte oss ved at dei tok i mot pappen og pallene stolane kom på. Og til slutt må eg takka gruppa med privatpersonar som var med på å ta i mot, pakka ut og setja ut dei nye stolane, samt sortera og flytta dei gamle, avsluttar Sørfonn.