F.v: Victoria Maraas, Oda Volden de Fine, Isabell Rydland, Ingrid Hovstad, Ingvild de Fine Olsen og Maria Svåsand Korsvik.

Lett solbrente etter ei veke i Bornholm, sit dei att med minner for livet. Les om korleis 5 jenter frå Øvrebygda hadde det på Nordisk 4H leir med vel over 1000 andre menneskjer.

Fredag 19. juli: Klokka har akkurat bikka 12.00, og ved Øvrebygda skule står fem spente jenter. Dei skal for aller første gong reisa på storleir (lands-/nordiskleir), og grugledar seg til ei veke i Danmark. Med seg har dei underteikna, som reiser som leiar for Hordland 4H åtte år etter ho sist sjølv var på storleir.

Bagasje og lavvo vert pakka i den lånte Engevik og Tislevoll bilen, før jentene vinkar farvel og vender nasa mot Åsane.

– Eg er allereie lei, og me er berre i Åsane, bryt Isabell Rydland ut, til latter frå dei andre. Turen frå Fitjar til Bornholm vil nemleg ta over 24 timar.

Jentene i Åsane, klare til mange timar buss. Foto Ingrid Hovstad

Fellesbussen til Hordaland 4H går frå Åsane om Voss, Granvin og Odda mot austlandet. I Moss bytter me sjåfør, og set kursen mot Ystad, sør i Sverige. Frå der går ferja til Rønne, Bornholm. Frå Rønne var det berre ein liten 20 minuttstur med buss til Østermarie, der me skulle nyta ei veka på leir.

26 timar seinare er me vel framme på leirplassen. Nokre meir trøytte enn andre. Sola steiker, so shortsar må på, og solkrem smørjast på kvit vinterhud før lavvoen vert reist.

– Det var veldig godt å koma fram. Leirområdet var større enn forventa, og eg hadde ikkje tenkt over korleis ein kom til å dela opp kor kven skulle sova, men det var veldig greitt at alle fylka/landa fekk si eiga «gate», fortel Isabell Rydland.

Hordaland 4H var stjerner under innmarsjen. Foto Ingrid Hovstad

Kjærleiksbrev

Søndag 21.juli: Kvar morgon var det vekking kl. 07, og sjølv om vêrmeldinga meldte sol heile veka, vakna me til regn på teltdukane. Det varer heldigvis ikkje lenge, og første dag vert nytta til bli-kjent-leikar. Alt frå eggkasting til agurkløp må gjengen gjennom.

Isabell Rydland i aksjon på agurkløp. Foto Ingrid Hovstad
- Annonse -

– Det var veldig kjekt, sjølv om nokre av aktivitetane var litt rare. Ein vart kjent med folk på ein trygg måte, fortel Victoria Maraas.

På leir har alle dagar lik «grunnmur». Vekking, måltider, tunmøte og kveldsunderhaldninga finn stad på same tidspunkt kvar dag.

– På tunmøte samlar heile Hordaland seg. Først snakka ein i grupper med sin leiar. For oss frå Øvrebygda pluss nokre frå ein annan klubb var dette Ingrid, deretter fekk heile fylket informasjon, fortel Isabell Rydland.

– På slutten av tunmøta kom eit av dagens høgdepunkt: å lesa leirpost. Alle fylka hadde postkassar. Her kunne ein skriva beskjedar til kvarandre, ofte var det kjærleiksbrev eller morosame planar som vart spreidd. Alt vart lest høgt, so det kunne vera litt flaut for dei som fekk post, ler Ingvild de Fine Olsen.

Sverdkamp og rovfuglshow

Måndag gjekk turen til Bornholms middelaldersenter. Me vart vist rundt i korleis dei levde i mellomalderen, og kunne slå av ein prat med folka «som levde der». Me får gå rundt på barrikadane, sjå smia og sitja på doplanken. Mange spennande aktivitetar kunne ein ogso prøva seg på. Sverdkampar og rustningløp var mest populært.

– Det såg litt teit ut å slåst med sverd, men det skjer noko når du får det i hendene dine. Det var sjukt gøy! Me leka sikkert ein time med sverd og skjold, ler Oda Volden de Fine.

Gøy på middelaldersenteret.

Tysdag var det tid for eigenvalde aktivitetar rundt om kring på øya. Victoria Maraas og Isabell Rydland tok turen til Svaneke, Danmark sin minste hamneby, medan Maria Svåsand Korsvik var på Rovfuglshow.

– Me var i ein liten dyrehage med sauer, fuglar og slangar. Me fekk gå rundt å sjå på dyra, og so var det rovfuglshow i løpet av dagen. Her fekk me sjå alt frå høner til gribb på nært hald. I tillegg fekk me sjå nokre jakta, fortel Korsvik.

Speedfriending

Etter ein litt overskya tysdag skein sola for fullt att på onsdag. Det vart halde marknad. Her måtte alle fylka/landa stilla med eit bidrag, i tillegg til arrangørane sine aktivitetar. Ein kunne blant anna brodera leirlogoen, strikka, prøva seg på stomp(musikk utan instrument) eller læra førstehjelp. Hordaland hadde «speedfriending», og nokre av oss vart sett opp til å sitja ein halvtime ved standen. Her kunne andre deltakarar på leiren komma bort å slå av ein prat med oss. Ein roleg, men moro dag inne på leirområdet.

Foto Ingrid Hovstad

På kvelden var det «green party». Eit diskotek der alle har grøne kle på seg.

– Det var underhaldning kvar kveld, men «Green party» var desidert det kjekkaste! Beste diskoteket, alle dansa og hadde det kjempemoro, fortel Isabell Rydland.

– Etter underhaldninga kunne ein gjera det ein ville. Me spela ofte kort med nye folk i miljøtorget. I miljøtorget(stort partytelt unna sjølve teltleiren) var det musikk og god stemning til kl.02. Mykje av posten vart skriven seint på kvelden, ler jentene.

I fotspora til dinosaurar

Torsdag var andre dagen med eigenvalde aktivitetar. Underteikna og Victoria Maraas tok turen til Åkirkeby og Bornholm sitt naturhistoriske museum. Her fekk me læra om dinosaurane som hadde vandra på Bornholm, og vitja det sørlegaste fjellet i Skandinavia. Det er berre ein liten knaus.

Foto Ingrid Hovstad

– Eg vitja øya Christiansø. Me tok ferja over, og kunne gå fritt rundt, eller vera med på ein guida tur. Me åt is, og såg på mange fine båtar. Øya er mykje nytta som feriestad for seglbåtar, fortel Ingvild de Fine Olsen.

– Christiansø er ei gamal festningsøy, og vart nytta til oppbevaring av sprengstoff under krigen, skyr Oda Volden de Fine inn, som vitja øya på tysdag.

Seks personar i ein lavvo. Foto Ingrid Hovstad

Frukost kvart over 04

Ein varm fredag gjekk med i turnering i 4Hsporten: volleyball. På ettermiddagen pakka me ned leiren. For å sleppa å pakka ned fuktige telt midt på natta vart det «døgning» på heile gjengen. Det vert ei lang natt, og mange nåde både toppen og botnen av humørspekteret sitt.

– Me spela kort for å halda oss vaken. Det gjekk mykje i kortspeling dei andre kveldane ogso, fortel Oda Volden de Fine og Isabell Rydland.

– Me døgna i matsalen, ein idrettshall, og det sterke lyset der inne gjorde deg ikkje veldig trøytt. I tillegg hjelpte det å ta seg ein tur ut i frisk luft om ein byrja å kjenna seg trøytt, fortel Maria Svåsand Korsvik.

Når du må venta 10 minutt på ferja. Foto Ingrid Hovstad

Laurdag: Kvart over 04 er det på tide med frukost. Mange trøytte fjes møtte oss, men me fekk mat i alle. Nister vart smurt, hadeklemmar dela ut og bussen stua. Turen heim vart like lang, om ikkje lengre enn turen til. Med full buss i sol vart det nesten drepande varmt. Heldigvis sov me mesteparten av turen, før me gjekk av på Skare.

– Har det hatt det kjekt på leir, spør Nils Øyvind Rydland, som hentar oss.

Eit unisont ja kjem frå jentene. Nokre av dei har allereie byrja å telja ned til landsleiren i Bodø til neste år. Rett forbi Knapphus sovnar gjengen.

– So stille har dei ikkje vore i løpet av heile turen, småler eg til Nils Øyvind Rydland, og konkluderer med at me alle hadde ei fine veka på leir.