– Eg gler meg skikkeleg til å koma i gang. Det seier kultur og informasjonssjef Bente Bjelland til fitjarposten.no. Bjelland er no på plass på Kulturkontoret i 2. etasje i Rådhuset.

Dei første dagane vil ho nytta til å gjera seg kjent med aktuelle kultursaker og kulturlivet i Fitjar generelt.

Tidlegare har ho mellom anna jobba i «Permanenten, Vestlandske kunstindustri museum» i Bergen.

Her har ho vore både drifts-, personal- og arrangementsansvarleg og stått for ei rekkje opningar av aktuelle kulturarrangement. Ho var óg med og starta opp «Bondens Marked» der ho var dagleg leiar første året.

Ho ser gjerne at folk ring eller stikk innom kontoret hennar.

Du kan treffe ho måndag til fredag mellom klokka 09.00 og 15.00.

På telefon når du ho direkte på 53 45 85 12.