Fitjar vil i år få utplassert ein svært positiv utstyrspakke frå Friluftsrådet Vest. Utstyrspakken som er tenkt til bruk av skular, lag og foreiningar.

Dette står å lese i Friluftsrådet si årsmelding som kom oss i hende i samanheng med rådet sitt årsmøte på Fitjar i går.  «Pakken» består av 8 kanoar på tilhengjar, med flytevestar, lavvoar og matlagingsutstyr. Kva utstyrspakken skal plasserast er enno ikkje kjent.

Oppsynsmann Bård Inge Sørfonn kan elles fortelje at Breiavikjo, som kan vera ein svært aktuell bruksplass for kanoane,  stadig vert meir og meir klargjort for sesongen.

– Men har no køyrt inn 105 tonn med sand til sandvolleyball-banen, og volleyballstenger og nett er bestilt, sponsa av Sjøtroll, avdeling Kjærelvo.