Rådmann Atle Tornes kunne på kommunestyret i går fortelje om god økonomisk utvikling i Fitjar.

I følgje Heidi Lindås i bladet Sunnhordland fortalde rådmann Atle Tornes at han hadde rekna med null, men at uventa høg skatteinngang har medvirka til eit godt resultat for 2008.

-Meir refusjon frå staten i samband med tunge brukarar innan helseomsorga i kommunen, har også vore med på å auka overskotet i Fitjar kommune. I 2008 var total omsetnad på 140 millionar kroner. Med dei uventa midlane kan kommunen dermed gå inn og redusera gjeldsposten sin på 7,5 millionar kroner til 6 millionar, skriv Lindås vidare.

Les meir på www.sunnhordland.no