Kyrkjelydsprest fekk fram gode poeng på ein humoristisk måte. Her saman med Ove Torvund.Foto: Håkon C. Hartvedt

Fin temperatur og sol som titta fram gjorde 17.mai-veret mykje betre enn forventa. Det førte til mange glade, feststemte menneske i Fitjar sentrum

Om morgonen då barnetoget gjekk, var det ikkje heilt slik. Fleire folk har nok følgt med barnetoget før, men ettersom vêret betra seg, strøymde stadig fleire inn til hovudarrangementet i sentrum. Så då samlinga starta i parken, vart det eit reint folkehav å sjå, oppover mot Håkonarmonumentet.

Før dette hadde ei fullsett kyrkje fått med seg ein festleg tale av kyrkjelydsprest Nobu. På ein humørfylt måte fekk han fram bodskapen om at bare Gud kan skape verkeleg fred i sjela, og med skulekorpset og mannskoret med, vart det ei fin stund. Og for oss er det ikkje skikkeleg 17. mai før Osternes Mannskor har sunge «Når fjordene blåner.»

I parken var det flott prolog, laga og framført av 7. klassingar frå Rimbareid skule, og tradisjonen tru, var det song og musikk av både mannskoret, skulekorpset og Fitjar musikklag.

Talen for dagen vart halden av Ingebrigt Sørfonn som starta med å peika på at det er viktig «å høyre te» i ei tid der alt er i forandring, og at det er godt «å høyre te» i Fitjar. Vidare var han innom finanskrisa som eit resultat av grådigheitskulturen – og Max Manus.

-Max Manus var eit av fleire unge menneske som ikkje aksepterte ufridomen, og som ville gjera noko med situasjonen landet vårt den gongen var i. I dag har me ansvar for vår etappe i stafetten for å halda landet vårt fritt.

Men det er ikkje berre krigsheltar som har bygt opp landet vårt. Det har kvardagsheltane gjort, sa Sørfonn, og brukte oppbygginga av Aker Stord som døme på korleis ein kan byggje opp mykje av lite, sjølv om det kostar knallhardt slit og hardt arbeid.

Til slutt peika Sørfonn på den internasjonale tendensen som i staden for bruttonasjonalprodukt, no vil tala om bruttonasjonal-velvere eller bruttonasjonal-lukke. -Viktigare enn kor mykje pengar me eig, er spørsmålet om korleis me eigentleg har det, sa Ingebrigt Sørfonn, før han til slutt siterte frå eit dikt av Bjarne Rabben:

Lukka er ikkje dette at alt gjekk vel,
men at du i alt som hender har fred i din sjel.

Kyrkjelydsprest fekk fram gode poeng på ein humoristisk måte. Her saman med Ove Torvund.Foto: Håkon C. Hartvedt

Lidvald Stubhaug vart heidra med blomar for dei mange flotte prologane sine, og den flotte fitjarsongen hans avslutta programmet i parken. Foto: Håkon C. Hartvedt
Lidvald Stubhaug vart heidra med blomar for dei mange flotte prologane sine, og den flotte fitjarsongen hans avslutta programmet i parken. Foto: Håkon C. Hartvedt

Folkehav i parken. Foto: Håkon C. Hartvedt
Folkehav i parken. Foto: Håkon C. Hartvedt

Frå barnetoget. Foto: Håkon C. Hartvedt
Frå barnetoget. Foto: Håkon C. Hartvedt

Frå barnetoget (2). Foto: Håkon C. Hartvedt
Frå barnetoget (2). Foto: Håkon C. Hartvedt