Foto: Kjetil Rydland.

DEBATT: Dersom elevane som no går i 6. klasse ved Øvrebygda og Selevik blir flytta til Rimbareid allereie frå hausten av er dette eit alvorleg inngrep i deira private sfære.

Av: Svenn Skumsnes og Anja M. Austlid,
leiar og nestleiar i FAU Øvrebygda skule

Hausten og vinteren i fjor vart for mange fitjarbuar sterkt prega av det som ikkje kan skildrast som noko anna enn ein kamp for å redde Øvrebygda og Selevik skule.

Begge skulane var nedleggingstrua i forbindelse med at kommunen skulle vedta ny skulebruksplan, og då 2018 gjekk mot slutten såg det svært mørkt ut for framtida til grendeskulane i Fitjar.

Gleda var difor stor då det like før jul vart avgjort at kommunen ville halde fram med skuledrift både i Øvrebygda og i Dåfjorden.

Men gleda skulle vise seg å bli kortvarig. I eit budsjettmøte i desember vart det avgjort at 7. klassane ved begge skulane skulle flyttast til Rimbareid allereie frå hausten 2019.

Ei slik løysing vart ikkje nemnt i utkastet til ny skulebruksplan for 2019 – 2023 som vart lagt ut på høyring hausten 2018. Med andre ord har verken elevar, foreldre, tilsette ved skulane eller resten av innbyggjarane i Fitjar hatt høve til å uttale seg om løysinga før ho vart vedteken. Det at det vert vedteke endringar i den kommunale skulestrukturen uten at endringa som skal gjennomførast vert lagt ut på høyring er etter vårt syn svært kritikkverdig.

Dersom elevane som no går i 6. klasse ved Øvrebygda og Selevik blir flytta til Rimbareid allereie frå hausten av er dette eit alvorleg inngrep i deira private sfære. Dette er noko Fitjar kommune som utøvar av offentleg myndighet skal ha stor respekt for. Spesielt i eit høve som dette, der vedtaket som vart fatta er avgjerande for framtida til elevar ned i 10 års alder. Det er vanskeleg å sjå korleis flytting av 7. klassane kan vera utgreidd på ein forsvarleg måte, då ei slik løysing ikkje er nemnt i høyringskutastet til ny skulebruksplan i det heile.

Vidare er det også slik at sjølv om det er fatta vedtak om at 7. klassingane frå Øvrebygda og Dåfjorden skal flyttast frå og med hausten 2019 er det per dags dato ingen som veit korleis overføringa skal gjennomførast.

Elevane, som på kort varsel har måtta bu seg på å bytte skule, har framleis ikkje fått sikker informasjon om korleis klasseinndelinga på den nye skulen blir til hausten. I verste høve blir dei delt inn i nye klassar skuleåret 2019/2020, for så å bli delt på nytt året etter då dei skal byrje på ungdomsskulen.

Å bli delt inn i nye klassar to år på rad kan bli svært krevande for elevane. Det å opparbeide seg tryggleik og gode relasjonar til lærarar og medelevar tek tid. Å måtte bytte skule på forholdsvis kort varsel kan for mange vere ei stor påkjenning. Ein kan heller ikkje sjå vekk i frå at mangelen på informasjon om klasseinndeling legg stein til byrden for elevane.

FAU  Øvrebygda er svært uroa for korleis denne situasjonen vil påvirke elevane sitt avsluttande år i barneskulen og ikkje minst kva konsekvensane vil bli for overgangen vidare til ungdomstrinnet. Me er også svært uroa for kva konsekvensar det vil ha for grendeskulane om dei mister dei eldste elevane.

Dei eldste elevane vert sett på som ein stor ressurs både for skulen som heilskap og for dei yngre elevane både ved Øvrebygda og Selevik. Flytting av elevar vil også medføre endringar i personalgruppa ved Øvrebygda skule, noko som fører til uro og usikkerhet både for elevar og tilsette.

Nyleg vart det fremja forslag i Utval for oppvekst og omsorg om å ta saka om flytting av 7. klassingane opp til ny vurdering. Dette på bakgrunn av at ein meiner at flyttinga er uheldig og at tiltaket om å flytte 7. klassane frå hausten 2019 ikkje har vore framme til drøfting eller uttale. Forslaget vart nedstemt av Høgre og Arbeidarpartiet sine representantar. I ettertid kunne me også lese i Fitjarposten at administrasjonen i Fitjar uttaler at  framlegget om å flytta 7. klassane frå Øvrebygda og Selevik skule vart fremja som eit økonomisk tiltak for å få komunebudsjettet i balanse. Dei meiner at vedtaket av den grunn ikkje har utspring frå innhaldet i skulebruksplanen. Meiner dei også at dette skal vera ein god unnskyldning for å iverksette flytting av elevar utan at dei som vert råka får høve til å uttale seg i saka? Å flytte 7. klassane ved Øvrebygda og Selevik skule til Rimbareid er ei endring av skulestrukturen i kommunen. Slike endringar bør etter vårt syn handsamast grundig og etter gjeldande regelverk.

Då debatten om grendeskulane i Fitjar sto på som verst i fjor vart det nokre sentrale moment som vart påpeika gjentekne gonger. Eit av desse momenta var kommunen si plikt til å ta omsyn til kva som er det beste for borna i alle avgjerder som kan bety noko for born. Dette står nedfelt i barnekonvensjonen artikkel 3. Barnekonvensjonen er inkorporert i menneskerettslova og har status som norsk lov. Nok ein gong saknar me fokus på kva som er til det beste for elevane. Lovverket er krystallklart på dette området – slike vurderingar skal ta utgangspunkt i kva som er til det beste for borna, ikkje i kva borna kan tåle av påkjenningar.

Det at ein ikkje bør skape meir usikkerhet for elevane var eit argument som vart nytta som grunngjeving for at saka om flytting av 7. klassane ikkje bør takast opp att då framlegget om å vurdere saka på nytt var oppe i Utval for oppvekst og omsorg. Denne argumentasjonen stiller me i FAU Øvrebygda oss undrande til. Me er snart komen til mai månad, og elevane som skal bytte skule til hausten veit framleis ikkje korleis dei nye klassane skal settast saman. Samstundes veit me at mange av foreldra til elevane ikkje føler seg høyrde i saka. Om ein var oppteken av å unngå å skape usikkerhet for elevane burde ein heller ha konsentrert seg om å handsame skulesaka på ein tilfredsstillande måte frå starten av.

I saka om flytting av 7. Klassane ved Øvrebygda og Selevik skule viser administrasjonen og det politiske fleirtalet i Fitjar kommune nok ein gong at det er politisk prestisje og kroner og øre som rår, trass i at kommunen etter norsk lov er forplikta til å ta omsyn til kva som er det beste for elevane. Ei sak som vil vera avgjerande for framtida til elevar i barneskulealder skal handsamast grundig og korrekt. Eit vedtak om flytting av barneskuleelevar høyrer ikkje heime i eit budsjettmøte.