Revysjef Ole Bergesen sprudlar når han fortel om programmet som vert innøvd i desse dagar.

Ein kan trygt seie det er innspurten no, for alt komande laurdag brakar det laus med premiere i revyteltet ved Fitjar Fjordhotell. Då kan ein vente mykje lokalt stoff, truleg meir enn tidlegare år: Fleire innslag frå Fitjar Mekaniske Verksted, sentrumsnære butikkar, zumba i kulturhuset og tilhøvet Fitar/Stord.

Revysjefen framhevar årets nye skodespelar som kjem frå Ålesund, Ina Breivik. Ho er slett ingen ukjent person; har blant anna vore nominert til komiprisen tre gonger. Elles er ho med i ei landskjend revy-gruppe i Ålesund, SMALL-MEDIUM-XLARGE. Nokon vil kanskje hugse Ina Breivik frå revy på Ole Bull Scene saman med Christine Hope? Ina Breivik spelar saman med Petter Aagaard og våre lokale artistar Ole André Westerheim, ny i år, Terje Treet, Henning Wichmann og sjølvsagt Ole Bergesen.

Ensemblet må og nemnast: Svein Ragnar Myklebust, Ole Rasmus Hjelle, Rudolf Fredly og Evald Kleppe.

Sommarrevyen som vert arrangert for 12. gong, er det best besøkte kulturarrangementet i Fitjar og med flest tilreisande gjester, frå Stavanger i sør til Bergen i nord.

Ole Bergesen har vore med i revyen i elleve år, både på og bak scenen. Han avsluttar samtalen vår med desse orda: Det blir ein tett, frisk revy med masse spark i alle retningar, og folk får mykje å le av, altså mykje god humor.