Fitjar vann første omgangen 2-1 i kampen mot Austevoll. Men diverre, som så ofte før denne sesongen, rakna det etter pause, slik at det endte med eit 4-2 tap.

Litt utur hadde nok  fitjarlaget denne gongen òg. Eit uheldig utspel frå keeper gjorde at Austevoll kunne gå opp til 3-2 ved å setja ballen i ope mål.
Deretter vart Kjell Træet utvist etter to gule kort. Ei utvisning som nok kan diskuterast på grunn av det dårlege, vasstrukne underlaget, som gjorde at Kjell mista kontrollen på sklitaklinga, og rende mannen ned, sjølv om han gjekk etter ballen.

Til tider var fotballkampen nærast parodisk, i og med at ballen gong på gong stoppa heilt opp, eller fekk ein heilt ukontrollert ekstra sprett, på grunn av vatnet – noko som gjorde vanleg pasningsspel bortimot umogeleg. Når det er sagt, må det også seiast at Austevoll takla forholda best, og sigeren var full fortent.

Begge Fitjar sine mål vart skåra av ungguten Arve Levåg, og Helge Træet vart utropt til Fitjar sin beste spelar.

Her er Agnar Aarskog sin kommentar:

Tap for Austevoll

Fitjar nedturen held fram med tap i dag mot Austevoll på heimebane. Trenarane har eit vanskeleg arbeide med å komponera lag for tida, med Gjert Ståle Olsen, Ronald Skår, Ørjan Hatlevik og Åsmund Sørfonn ute til denne kampen.

Under svært vanskelege speleforhold på ein svært våt grasmatte var første omgangen jamnspelt, men Fitjar hadde nok flest sjansar og leia fortent 2-1 etter 2 mål av Arve Levåg som debuterte frå start i dag.
Det var ikkje gått lenge av andre omgang før Kjell Træet fekk rødt kort etter to gule. Frå oss på sidelina såg dette svært strengt dømd ut, då begge gule korta var for skli taklingar som det var mange av i denne kampen. Denne utvisninga viste seg å avgjera kampen, Austevoll overtok kontrollen på kampen vant lett 2-4 til slutt.

Ein lokal jury gav bestemannspremien til Helge Træet, eg vil i tillegg trekkja fram dagens to målsscorar Arve Levåg.