– Me gjentar suksessen og inviterer alle danseglade til nytt Zumba-maraton, melder Gunn Maraas til Fitjarposten.
Saman med Hanna Karlsen står ho som arrangør av dansekvelden måndag 10.februar.
– Nok ein gong er me so heldige at me får besøk av spanske Ivan Mondejar Nieto. Han vil halda eit zumba maraton frå 18.30 til 20.30 i Fitjar kultur og Idrettsbygg i speilsalen, melder Maraas.
Ho lovar at Zumba passar for alle aldrar, og garanterer god stemning og mykje energi.
– Om du går fast på Zumba eller vil prøva deg for første gongen vert dette to energiske timar med ein kjempeflink instruktør i spissen, avsluttar Maraas.
Påmelding innan 7.feb til Gunn Maraas eller Hanna Karlsen via messenger eller telefonnr: 97409398 / 97408723.