Det var eit positivt vedtak for Fitjar vgs då Opplærings- og helseutvalet i Hordaland fylke hadde møte i dag.

Vedtaket går ut på at Fitjar vgs får fortsetje som før. No skal saka vidare til Fylkesmannen og Fylkestinget. Endeleg avgjersle vert teke på fylkestingsmøtet 12.-13. mars. Men etter det fitjarposten erfarer er det lite truleg at desse instansane vil gå imot vedtaket frå Opplærings- og helseutvalet i denne saka.

Se òg lesarbrev frå Sigrunn Heen i Hordaland SV og sunnhordland.no.