Leiar Gerda Øen under årsmøtet på Fitjar med den aller nyaste medlemen i Turlaget, Tore Sigurd Fitjar. Arkivfoto: Kjetil Rydland. ,

Turlaget ynskjer at folk skal nytta naturen, og lanserer Trimpoeng-«konkurranse» for alle, ogso dei som ikkje er medlem i Turlaget.

– Det meste av turlaget sitt program ligg nede for tida, men me kan ikkje gi opp det å inspirera folk til å komma seg ut på tur. Me trur det er viktigare enn nokonsinne i desse spesielle dagane, skriv Gerda Øen i turlaget.

Ho skriv at ein lastar ned appen Trimpoeng, og der finn ein mellom 50 og 60 forslag til turar i Stord og Fitjar med poeng alt etter vanskelegsgrad under «konkurransen»: Stord-Fitjar Trimpoeng.

Ein finn mange turmål å velja mellom. Foto: Turlaget

– Me starter opp onsdag 9. april, og konkurransen varer til ut oktober. Sjølvsagt vert det skikkeleg premiering til slutt, lovar Øen.

Ho fortel at ein kan melda seg på som familie (med ungar opp til 12 år), som lag (vennegruppe) og som einskildperson.

– Sjølvsagt kan ein setta «alt inn» og konkurrera på «høgt plan», men intensjonen er å innspirera til å finna nye turmål, kanskje bli betre kjent på øya, og ikkje minst konkurrera og kanskje i alle fall «vinna» over seg sjølv, skriv Øen.

Ho fortel at det er heilt gratis, og minner elles om Telltur.

– Lukke til, og god påske, avsluttar Øen.

Les ogso: Stolpejakt-sesongen har starta.