Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Endeleg får korps og kor ha øvingar att!

Tidlegare i veka skreiv me om Fitjar skulekorps som i eit brev til kommunen ber om å få øva saman før 17.mai.

– Me ynskjer sjølvsagt å gleda bygda med korpsmusikk, men som sagt me kjem ikkje så langt med berre digitale øvingar, uttala styreleiar i skulekorpset, Arnhild Jordan Raunholm.

No kan Raunholm fortelja oss at Fitjar skulekorps endeleg får øva saman att.

– Me har fått godkjenning frå Fitjar kommune til å starte opp att med øvingar, såframt at punkta i veiledar om smittevern for musikkøvingar vert overhaldne.

Enno uklårt rundt 17.mai

Veiledaren er utarbeida av Norsk musikkråd, og fortel at om ein er maks 30 saman med to meters avstand kan band, orkestre og alle andre musikklag spela att.

– Endeleg får korpset ha lov til å ha øving igjen. Dette er viktig med tanke på det sosiale fellesskapet, inspirasjonen og motivasjonen til musikantane.

Raunholm kan til slutt opplysa om at korpset enno ventar på svar frå kommunen om korleis korpet kan gjennomføra speling på 17.mai.