Fitjar-herrane kom litt i skuggen av damene sine i Veterancup i Lærdal, men Ole Bergesen melder om tidenes beste innsats også for mannfolka. Veteranlaget slo Dale og Jølster, men tapte mot Voss fredag. Det blei også tap mot Viking laurdag. Dermed blei det 3.-plass i puljen og ikkje vidare avansement.

Superveteranane låg under med 0-3 mot Per Egil Ahlsen og Fredrikstad, men kom sterkt tilbake og greidde 3-3. Vidare blei det uavgjort 2-2 mot Luster og 0-1-tap mot eit godt Bærum-lag. Før det blei stortap 2-9 mot Sogndal med Lasse Opseth og Atle Torvanger på laget, som vann turneringa i den klassen.

– Men Fitjar vann banketten med humør og allsong, fortel ein storfornøgd Ole Bergesen til Fitjarposten, og ingen spelarar frå dei 70 andre laga reiser frå Lærdal utan å ha blitt kjent med Fitjar-namnet!

Blant desse nemner Ole Bergesen gamle kjenningar som Viv Anderson, Tor Egil Johansen, Lee Sharpe, Frank Stapleton, John Barnes, Stig Inge Bjørnebye, Gunnar Aase, Vegard Skogheim og Kjell Rune Pedersen.