Glade fitjargutar smiler om kapp med sola, f.v. Jørund Thorland Innvær, Mathias Larsen Lussand og Mats Huseth Rasmussen. Foto: Kjetil Rydland.

Tre glade gutar frå Fitjar er denne veka blant dei 45 deltakarane som kosar seg forderva på sommarleiren til NFU på Sunnhordland folkehøgskule på Halsnøy.

– Det kjekkaste er at alle er samla her! smiler Jørund Thorland Innvær når me spør om kva som er det kjekkaste dei har gjort på Halsnøy denne veka.

Variert aktivitetstilbod i strålande vêr!

Saman med Mathias Larsen Lussand og Mats Huseth Rasmussen er han med på årets høgdepunkt på Sunnhordland folkehøgskule på Halsnøy. I fjor måtte leiren gå ut på grunn av koronapandemien, men gleda er desto større i år. Alle tre har vore på leir her inne før, og gler seg stort over å treffa igjen gamle venner ­– og over å treffa nye!

Denne veka lever dei ut sommardraumen saman med nye og gamle vener. Dei kunne ikkje ha vore heldigare med vêret, og aktivitetane har vore mange og varierte.

Mathias er oppteken av song og musikk, og er den som styrer musikken på uteplassen mellom bygningane på folkehøgskulen. Det gjer han med stødig hand, og nesten like stødig røyst. Han opptrer med ein song eller to rett som det er, og det ser ut til å gi drag på damene!

I Sandvika er det fint å bada. Foto: Kjetil Rydland.

– I går var me og bada, seier han, og nemner elles golf og musikk som favorittsyslar.

Men det har vore mykje meir å velja i, og alt er frivillig! På onsdag kom Jorunn Hernes innover frå Fitjar og skipa til spa- og velværekurs med fotbad og ansiktsmaske. Tysdag var det brannvernkurs med det lokale brannvernet, som stilte i uniformer. Deltakarane fekk lov å sløkkja brann med pulverapparat. Ein sikker vinnar!

Hobbyverkstaden har vore open for dei som liker å spela spel, perla eller teikna. Utandørs har det vore mange frie aktivitetar, som pil og boge, frisbeegolf, kubbespel og boccia.

I kjellaren er det storskjerm, slik at dei ivrige fotballelskarane kan følgja med på kampar i europamesterskapet og i Eliteserien. Den ivrige Brann-supporteren Mathias Larsen Lussand var sjølvsagt blant dei som måtte få med seg oppgjeret mellom Brann og Lillestrøm onsdag kveld.

Det har blitt høve til ein fisketur nedanfor Halsnøy kloster, og sjølvsagt mykje bading i den vakre Sandvika, som ligg like nedanfor folkehøgskulen. Og me kan bekrefta at badetemperaturen var bra!

Mats Huseth Rasmussen, leirsjef Geir Tore Søreide og partisekretær Kjersti Stenseng i Arbeidarpartiet t.h. engasjerer seg sterkt i valsendinga på TV BRA Foto: Kjetil Rydland.

– TV BRA med tilrettelagt informasjon for funksjonshemma

I går blei mykje tid brukt på å oppmoda deltakarane til å nytta røysteretten ved stortingsvalet i september. Leiren hadde fått besøk av eit TV-team frå TV BRA. Dette er en TV-kanal av og for utviklingshemma i Noreg. Dei var på Halsnøy for å laga eit innslag om stortingsvalet til hausten.

Programleiar Kari Anne Revheim frå Bergen fortel at ho har arbeidd to år i TV-kanalen, den einaste som arbeider spesielt med informasjon tilrettelagt for utviklingshemma. Ho må reisa tilbake til Bergen i dag, men kjem gjerne tilbake til Halsnøy folkehøgskule!

Leiar for TV-teamet var Camilla Kvalheim. Ho understrekar kor viktig det er med informasjon til utviklingshemma. No arbeider dei spesielt med førebuingar til årets stortingsval. Ho fortel at det er 20 000 utviklingshemma som har stemmerett, men det er altfor få som nyttar røysteretten sin.

Kva skal til for å engasjera dei? er eit spørsmål Camilla Kvalheim arbeider mykje med. Ho understrekar at dei utviklingshemma treng kunnskap, og i TV BRA jobbar ho med tilpassa undervisning.

­– Folk må sjå at dei utviklingshemma er ein ressurs for samfunnet! seier Kvalheim entusiastisk.

I går blei alle beordra ut i solsteiken for å laga eit innslag som skal sendast på TV BRA for å motivera utviklingshemma til å nytta røysteretten sin. Blant dei ivrige leiarane og deltakarane ute på plenen var den nye styreleiaren i Norsk forbund for utviklinghemma, Tom Tvedt, og sekretær i Arbeidarpartiet, Kjersti Stenseng.

NFU-leiar Tom Tvedt i aksjon på plenen saman med leirdeltakarane. Foto: Kjetil Rydland.

– Slike leirar må vi få over heile landet!

NFU-leiar Tom Tvedt hadde teke turen frå Oslo, saman med partisekretæren i Arbeidarpartiet, Kjersti Stenseng. Etter valsendinga ute i solsteiken blei alle samla i Kulturløa, for å læra om politikk. Frå Fitjar stilte KrF-ordførar Harald Rydland.

Den ferske NFU-leiaren let seg imponera storleg over det flotte opplegget på sommarleiren på Halsnøy:

– Vi må få folk til å skipa til slike leirar over heile landet – dette var fantastisk å sjå, Geir Tore! slo den blide NFU-leiaren fast, til stor jubel frå leirdeltakarane.

Han retta ein stor takk til alle frivillige som har vore med og fått i stand dette tiltaket. Han understreka at han treng alle med på laget i kampen for eit likestilt samfunn – eit samfunn der like rettar er ei sjølvfølgje!

Kjersti Stenseng understreka i innlegget sitt at det er folket som bestemmer i eit demokrati:

– De må vera strenge med oss politikarar, sa ho, for me tar på oss eit stort ansvar. Spør politikarar, finn informasjon, og hugs at det viktigaste er at de stemmer!

Ordførar Harald Rydland la ikkje skjul på at dette var ein kjekk dag på jobben. Han understreka kor viktig det er med val, og fortalte ei historie om då bygda hans mangla éi stemme for å få inn ein representant inn i kommunestyret.

Han oppmoda alle om å stemma, og minte om at folk frå kommunen kan komma heim til deg, slik at du kan få stemma der. Og frå 1. juli er det råd å røysta på rådhuset i Fitjar.

Elise Kleven haustar applaus for framføring av songen til idrettslaget Staal Jørpeland. Foto: Kjetil Rydland.
Harald og Silje Rydland tok publikum med storm, og her kjem ekstranummeret «I have a dream». Foto: Kjetil Rydland.

– Det beste publikummet eg har sunge for!

På ettermiddagen kom Silje Rydland innover for å halda konsert saman med far sin, ordførar Harald Rydland. Ho varta opp med den eine kjende låten etter den andre, og jubelen stod i taket, i den høge Kulturløa.

Eit høgdepunkt var kanskje jazzlåten «Fly me to the moon», og ikkje minst ekstranummeret «I have a dream» av ABBA.

Etter konserten kunne leirsjef Geir Tore Søreide avsløra at Harald og Anne-Kristin Rydland hadde bryllaupsdag i går:

– Det er her dei vil feira bryllaupsdagen sin framover!

Kari Bolstad frå Voss imponerte på låvebrua med låten «Den finaste eg veit». Foto: Kjetil Rydland.

Kvelden blei avslutta med utekonsert på låvebrua framfor Kulturløa. Her stilte den eine deltakaren etter den andre opp med godt innøvde nummer. Ikkje minst imponerte Kari Bolstad frå Voss med ei fin framføring av «Den finaste eg veit».

Sjølvsagt stilte Mathias Larsen Lussand opp, og leirsjef Geir Tore Søreide «overførte» songen hans på mobil til sonen sin, Runar S. Skogedal, som ikkje fekk høve til å vera med på leir denne gongen. Runar har vore sårt sakna på årets leir, men det hjelper litt at han har vore med på Facetime nesten heile tida!

Lang tradisjon

I år er det 17. sommaren Norsk Forbund for Utviklingshemma (NFU) skipar til ferieleir på Halsnøy. Størsteparten av dei 45 deltakarane kjem frå ulike kommunar i Rogaland og Hordaland, mange kjem frå Sunnhordland. Ein deltakar kjem heilt frå Trøndelag, og ein frå Sunnfjord.

På leiarsida er Fitjar representert ved Evy Skogedal, som er leiar i Stord Fitjar lokallag av NFU, Geir Tore Søreide, som er leirsjef, og fleire stødige medhjelparar i ulike aldrar. Til saman er det 10-15 frivillige med på leiren; i tillegg har enkelte deltakarar med seg følgje. 

I pysj på kveldskonsert. Mannen til venstre skal vera Ørjan Wold, men kven er den andre? Foto: Kjetil Rydland.
Geir Tore sørgjer for at Runar får vera med på leiren via mobilen. Foto: Kjetil Rydland.
Kari Anne Revheim i aksjon for TV BRA. Foto: Kjetil Rydland.
Aktørane haustar velfortent applaus under utekonserten. Foto: Kjetil Rydland.