27 fireåringar var med på kyrkjevandring i Fitjar kyrkje laurdag føremiddag og gjorde seg kjent med plassen og ein del av folka der før dei skal få 4-årsbok under familiegudstenesta søndag føremiddag.

Pynta og spente møtte fireåringane opp i kyrkja laurdag føremiddag, dei fleste med eit godt tak i mamma eller pappa si hand. I kyrkja vart dei møtt av smilande damer som tok imot dei, registrerte dei og gav dei kjekke kakemenn-namnelappar. Ungane vart delt i grupper og fekk oppleva ulike stader i og utanfor kyrkja.

Dei var innom reiskapshuset på kyrkjegarden der dei mellom anna fekk prøvesitta gravemaskinen. 
– Eg styrde, men det var berre på lek, fortalde ein fireåring etterpå.

Dei fekk koma opp på galleriet, der dei fekk sjå den store «ballongen» som sørgjer for lyd i kyrkjeorgelet. Dei fekk prøva orgelet og dei fekk ein liten ønskekonsert som resulterte i at Mikkel rev og mange andre kjende barnesongar fekk lyda ut i kyrkja.

Bak galleriet var det rigga til med ein stor tv-skjerm. Skal me sjå barne-TV no, undra nokre av fireåringane.
– Nei, no skal me snakka om kva som er i tårnet i kyrkja, forklarde Steinar Vik. Det var få som visste kva som er i tårnet og Steinar måtte hjelpa dei på veg for å koma fram til at det er to store kyrkjeklokker. Nokre kunne fortelja at dei hadde høyrt dei klokkene ringa. Så starta brått ei av klokkene å slå og med døra til tårnet open kunne ein høyra lyden godt, ein kunne til og med kjenna at kyrkja gynga litt, og der på den store TV-skjermen kunne ein sjå klokka som svinga og ringde. Ungane fekk store auger. Dette var spennande og gjorde sterkt inntrykk på mange.
– Kyrkjeklokkene ringte, og dei gjorde det på skikkeleg, forklarde ein engasjert fireåring etterpå. Han trudde eigentleg ikkje at han skulle få sjå noko nytt denne dagen, men der tok han gledeleg feil. 

Vidare fekk dei møta kyrkjelydsprest Nobu som hadde på seg «kjole». Han snakka mellom anna om dåpen og så leikte dei at dei døypte dokka til Silje.

I kyrkjestova, som er på loftet bak alteret, hadde ingen av dei små vore før. Der fekk dei oppleva mini-søndagsskule og høyra om Jesus som tok imot dei små ungane og som sa at ingen skulle hindra dei i å få koma til han.

Undreturen vart avslutta med bollar og saft i kyrkjebenkane.
– Og veit du kva, i morgon skal eg i kyrkja igjen for då skal eg få bok, strålte ein av mine små intervjuobjekt.