Gjøa-plattforma som har vore i arbeid på Stord i det siste, vart i dag slept ut mot feltet.

– Slepet ut til feltet er venta å ta halvannan dag. Deretter startar arbeidet med å kople plattforma til undervassinstallasjonane og røyrleidningane som allereie er gjort klare.

Så følgjer det siste testarbeidet og ferdigstillinga som berre kan gjerast ute på feltet, før testproduksjon av olje og gass kan starta.

Det er venta at feltet kjem i ordinær produksjon i fjerde kvartal 2010, skriv sunnhordland.no