Fitjar skulekorps er snart på veg til NM, og gjev gratiskonsert i kultursalen torsdag ettermiddag.

Skulekorpset har jobba målretta sidan sist sommar med NM-deltaking som hovudmål for året. Dei har hatt øvingshelger, seminar, gruppeøvingar og ekstraøvingar i tillegg til dei vanlege hovudøvingane på måndagskveldan, og i det siste har det vore to fellesøvingar i veka, fortel Nils Andreas Brekke i styret for korpset.

No er det berre dei siste detaljane som skal på plass, før korpset reiser til Stavanger og Ålgård fredag 17. juni.

Nils Andreas fortel vidare at som ein del av førebuinga, og for å få trening med publikum i salen, inviterer korpset heimepublikum, støttespelarar og andre til ein open konsert i samband med den siste øvinga. Konserten vert torsdag 16. juni kl. 17.00 i kultursalen i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Her vert det presentasjon av NM-programmet og generalprøve, før det verkeleg gjeld når korpset skal i elden i Stavanger forum laurdag 18. juni kl. 16.20.

Korpset ynskjer seg ein stor supportergjeng under NM, og heimepublikum er sjølvsagt hjarteleg velkomne til Stavanger og.