I yr glede over at me no er gått inn i den første vårmånaden, gjev Fitjarposten i dag ei potteplante til dei 50 første som går til "Blomaståvo" og fortel at dei har lese om vårgleda vår på fitjarposten.no.

Opplegget er eit samarbeid mellom "Blomaståvo" og Fitjarposten.no, og me vonar at fitjarbuen set pris på tiltaket vårt, no etter at klokka er skrudd fram, sola er begynt å varme, og dagane berre blir lysare og lysare. Vinteren har rett og slett ikkje ein sjanse lenger….