Britt-Synnøve Johansen under Fitjarrevyen 2018. Foto: FP-arkiv/KR.

Neste temkakveld i kyrkja blir med Gjertruds Sigøynerorkester og Fitjar Kammerkor, og ikkje minst Britt-Synnøve Johansen.

Fitjar kammerkor har hatt ein travel haust, for dei førebur seg til konsert i Fitjar kyrkje. Og ikkje med kven som helst.

Neste temakveld i Fitjar kyrkje er torsdag 29. november, og då kan Eli Simonsen i temakveldgruppa lokka med Gjertruds Sigøynerorkester og Britt-Synnøve Johansen, saman med Fitjar Kammerkor.

Eli Simonsen fortel at dei prøver å få til ein kveld med lokale aktørar kvart halvår. I haust blir det to lokale, etter som kyrkjekoret allereie har hatt ein temakveld i kyrkja. Eli har vore innom på øving med Fitjar kammerkor, og ho synest det høyrest fint ut.

– Vi gler oss, og trur at dette blir ein annleis kveld, seier ei forventningsfull Eli til Fitjarposten.

Dirigent Helge Haaland i Fitjar kammerkor legg ikkje skjul på at han set pris på å bli spurt. Han har nytta dei gode kontaktane sine i musikkmiljøet i Stavanger, og fekk ganske snart ja frå Gjertruds Sigøynerorkester og frå Britt-Synnøve Johansen. Gjertruds Sigøynerorkester har medlemmer frå heile landet, men har base i Stavanger, der fiolinist Gjertrud Økland bur.

– Alle arrangementa er nye, og skrivne av Tom Karlsrud, som spelar trekkspel i Gjertruds Sigøynerorkester, fortel Helge Haaland, og legg til at han fekk dei to siste arrangementa for kort tid sidan.

– Tekstane handlar om smerte og sakn, kjærleik, fest og glede, song og smerte, kort sagt heile livet! seier ei oppglødd Eli Simonsen.

Ho lovar ein spennande og variert kveld; sigøynarmusikk er ein ny type musikk i kyrkja. Som kjent er sigøynarane ei mykje forfølgd folkegruppe, og fleire av tekstane ber preg av dette.

Helge Haaland fortel at sigøynarane pla ta religionen på stadene dei kom til, etter kvart som dei flytta på seg. Han skal berre ha ei øving med orkesteret før konserten i Fitjar kyrkje torsdag 29. november. Men han reknar med at det går bra om han og koret hans er godt førebudde før gjestene kjem.

– Me gler oss til mollstemt, rytmisk musikk! smiler ein oppstemt Helge Haaland.

Me kan sjå fram til ein kveld med hjartevarm musikk som har i seg smerta som det farande folket har opplevd gjennom tidene.

Helge Haaland i storform på øving med Fitjar kammerkor. Foto: Kjetil Rydland.
Fitjar kammerkor førebur seg til temakveld i kyrkja med Gjertruds Sigøynerorkester. Foto: Kjetil Rydland.
Tre glade musikantar som gler seg til møtet med Britt-Synnøve Johansen og Gjertruds Sigøynerorkester, f.v. Eli Simonsen, Jorunn Hernes og Helge Haaland. Foto: Kjetil Rydland.