Dagens hjartesukk kjem frå sauebonde Bård Inge Bø, som fortel at gjerdet hans i Færøysundet har blitt øydelagt.

– I løpet av den siste veka har ein eller fleire pøblar vore på ferde i Færøysundet og sirlig klipt ned toppstrengen på 50 – 60 meter gjerde, kan sauebonden fortelja til Fitjarposten. – Dei ubedne gjestene har enda opp med 30 – 40 to-meters lengder kraftig stålstreng, som dei har rydda fint opp etter seg, og tatt med seg. Marknadsverdien på tre mm streng skal ligge omlag på 1 kr meteren, så i høve til arbeidet som er lagt ned frå tjuvane si side, så er det nok ikkje snakk om spreke timebetalinga.

Til strengtjuvane har Bø følgande melding:
«Ring meg gjerne neste gong de vil ha tak i streng, så skal vi kome til ei enklare ordning».

Han ber i same slengen Fitjarposten halde det hemmeleg at det låg ein bunt med 200 m streng i grøfta på andre sida av vegen.