Alle likte kjøttkakene! Foto: Fitjar frivilligsentral

Vil ha fleire med på matfellesskap ved Fitjar Seniorsenter.

I dag vart det arrangert matfellesskap for seniorar på Fitjar seniorsenter. Her får ein servert ein god middag med dessert frå Fitjar kommune sitt kjøkken ved bu- og behandlingssenteret, og moglegheita for eta i triveleg lag.

Koordinator for opplegget, Ellinor Bergesen er svært nøgd med det nye tilbodet. Den daglege leiaren ved Fitjar frivilligsentral gler seg til å «by» inn på middag kvar ondag framover.

– I dag var det 16 personar som åt middag saman her. Eg håpar me vert enno fleire i framtida, når fleire får høyra om tilbodet og vågar å melda seg på, fortel Bergesen.

Tidlegare hadde ein eit liknande opplegg der seniorar kunne kjøpe middag ved FBB. Dette var svært populært, og Bergesen håpar at det nye tilbodet ved seniorsenteret kan verta lika attraktivt.

Flinke frivillige. Foto: Fitjar Frivilligsentral

Staseleg stund

Ho fortel at seniorsenteret er godt egna til å halda eit slikt fellesskap, og at det vert staselege stunder med fine dukar og god stemning.

– Me har fått stønad frå Sparebanken Vest til dukar. Kvar gong har me 3 frivillige med som dekker bord, hentar og serverer maten og ryddar opp. Dei får ete middag gratis som takk.

Bergesen håpar at tilbodet kan gje eit energitilskot til dei som deltek.

- Annonse -

– Det gjer noko med deg å eta middag saman med andre, og me håpar dette skal hjelpa dei som kanskje kjenner seg litt einsame, seier Bergesen. Ho fortel at påmelding skjer til ho, men at ein ogso kan ringa til kundetorget i kommunen om ein ikkje får tak i ho.

– Me må ha påmeldingane innan tysdagar kl.12, slik at me får sendt bestillinga til kjøkenet på FBB. Eg må få legga til at dei som får mat levert heim til seg, kan velja å eta den i fellesskapet i staden for aleine.

Ho oppfordrar alle til å melda seg på for eit viktig måltid, og viktig samkome.

Fitjar kommune har i tillegg til driftsmidlar, fått midlar til å observera matsvinnet i samanheng med fellesskapet.