Dei siste seks åra har Tora og Torvald Ingebrigtsen pynta opp bygda med blomekasser i sentrum. No gjer dei kassene klare for ny sesong.

– Me hadde vona å få blomane i kassene før 17. mai. Men det vekslande vêret gjer at me vil vente litt, sa dei til fitjarposten.no i går, og la til: – I fjor rotna lobeliane på grunn av dårleg vêr, og me måtte planta om.

Me får vite at blomane står klare i drivhuset til Georg Vik, og når vêret stabiliserer seg med høveleg varme, skal det nok bli blomevakkert i sentrum i år òg.