Juli og august er høgsesong for lynnedslag, og Telenor har sendt ut ei pressemelding med gode råd om korleis me kan avgrensa skadane.
– Med åtte enkle grep avverjar du skadar på mobil, PC og breibandsutstyr i lyn- og torevêret, heiter det i pressemeldinga frå Telenor.
I eit normalår har vi over 100.000 lynnedslag i Noreg, og lynet kan gjera stor skade på telefonar, PC-er, modem, breibandsutstyr og anna teleteknisk utstyr. Telenor mottar nærmare 20.000 meldingar om feil på elektronisk utstyr i sommarhalvåret.
‒ Ein stor del av feila som oppstår på grunn av lynet, kan unngåast med enkle grep. Når torevêret kjem, er det viktig å kobla frå alt elektronisk utstyr, både tele-elektronikk, PC og TV anten du er i huset, hytta eller andre stader du har slikt utstyr, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor Norge.
Det er trygt å bruka mobiltelefon i torevêret. Men – mobilen bør, som alle andre elektriske apparat, vera fråkopla ladaren. Derfor kan det vera lurt å ha ein batteridriven nødladar (også kalla powerbank) i bakhand, om torevêret skulle melda seg.
Koparnettet meir utsett
Mange kundar har framleis fasttelefon og breiband (ADSL/VDSL) over koparnettet.
– Koparnettet er i mange tilfelle over 100 år gammelt, og er ekstra utsett for skadar ved lynnedslag. Vi er no i gang med å modernisera fastnettet og byta ut kopar med breiband og tale over fiber og mobilnett, opplyser Amundsen.
Overspenningsvern avgrensar skadane
I utsette område er det også lurt å skaffa overspenningsvern montert på telefonlinja eller breibandslinja. Slikt utstyr er å få kjøpt i dei fleste elektroforretningar. Dette har vore påbode i alle nye bustader og ved rehabilitering av hus sidan 2010.
Det skjer også fra tid til anna ulykker i samband med torevêr.
– Generelt vil Telenor oppmoda folk til å halda seg unna teleleidningar i huset, og ikkje prata i fasttelefonen i torevêr. Å prata i ein trådlaus telefon eller mobiltelefon går fint så lenge han ikkje er tilkopla ladar i straumnettet, sier Amundsen.

Åtte tips – gjer heimen klar for lyn- og torevêr
- Trekk først ut kontaktane til PC, TV, modem og anna teleutstyr. Vurder også å trekke ut tilkoblingar til kabelanlegg, støpsel til fasttelefon og nettverks- og antenneleidningar.
- Breiband på fiber: Trekk ut straumen til ONT-en. Det er den boksen som er kopla med nettverkskabel til breibandsruteren din.
- Breiband på DSL: Trekk ut kabelen som er kopla mellom kontakten i veggen (og verda utanfor) og kontakten merkt DSL på modem/bredbåndsruter. Trekk også ut straumen til modemet/ruteren.
- Breiband på Kabel-TV: Trekk ut koaks-kabelen mellom TV/multimediekontakten i veggen og kabel-TV-modemet. Trekk også ut straumen til modemet
- Heimebreiband over mobil:
- Det kan vera smart å ta eit bilde med mobiltelefonen av korleis ting var kopla, slik at du ikkje koplar feil når uvêret er over, eller du er tilbake frå ferie.
- Viss du skal på ferie, kan det vera lurt å alliera seg med naboane, slik at dei kan sjekka det elektriske utstyret for deg om noko skulle skje.
- Monter overspenningsvern. Overspenningsvern skal pluggast i jorda stikkontaktar, og deretter pluggar du i desse igjen det utstyret du ønskjer å beskytta. Det finst også avanserte overspenningsvern som i tillegg til straum kan beskytte telefon- og breibandslinjene dine.