Før ei av hendingane i fjor. Foto: Kråko Sjøhytteområde.

I fjor vart bilettane rivne vekk, no håpar gjengen i Kråko at teltet på Port Steingard igjen skal bli fullt med gode underhaldning, god mat, og ikkje minst god stemning.

– Sommar i Kråko skal det bli i år ogso, og det er utruleg god respons hos artistar og band vi har kontakta, seier Ansgar Helland, som i tillegg til tittelen Hamnesjef i Port Steingard Gjestehamn no har tatt på seg rolla som booking-ansvarleg for Sommar i Kråko.

– Teltet er tinga, og frå 9. juli til 14. august vert det arrangement kvar torsdag, fredag og laurdag. Mat- og drikkeservering vert det i teltet, og Vest Lyd Service sørger for god lyd, legg Helland til.

Ansgar Helland, her saman med drivar av PS Bryggekafe Tor Henrik Birkeland. Foto: PS Bryggekafe

Han fortel at dei ogso i år kan lokka med variert program.

– Me køyrer på med DJ Agúst første kvelden. Han har tidlegare opptredd på Fitjarfestivalen og det blir eit kjekt gjensyn med denne populære DJ-en. Laurdagen er det Endre Olsen og Ragnhild Kambe Grov som skal skape stemning i teltet.

Gledelege gjensyn

Eit gledeleg gjensyn er kyrkjelyden i Fitjar Kyrkje, som ogso i år har bestemt seg for å halda teltgudsteneste i Kråko.

– Vidare har vi gleda av å ønska velkommen tilbake ein del artistar som har spelt på Sommar i Kråko i fjor. Ole André Westerheim er eit kjært gjensyn i Kråko. Vi hugsar godt Queen Tribute Show under utekonserten i 2019, der han og bandet skapte så stor stemning at ikkje eingong eit drivande regnver kunne øydeleggja kvelden, fortel Helland.

Ole André Westerheim kjem i år til Kråko med to nye konsept.

I år er Westerheim og bandet tilbake med to heilt ulike konsept: A Night in Nashville, og Back to the 80. Andre artistar som vert med i år ogso er Tom Wagtskjold, Raitito’ern, Silver Wings og Værs’go – hyllest til Kim Larsen.

Sommar i Kråko kan ogso lokka med Trekantsambandet, Åsmund Nesse og bandet hans; Smelta Smør, The Revivals og Myhres PPT.

– Enno har me nokre overraskingar på lur, so her gjeld det å følgja med på sosiale medium for dei aller siste kunngjeringane, seier Helland lurt.

Kvifor skal dei vaksne ha all moroa?

Ansgar Helland kan fortelja at det i år vert ikkje berre vert eit, men to alkoholfrie ungdomsarrangement.

Silver wings under oppvarminga i fjor. Foto: Kråko Sjøhytteområde.

– Torsdag 15. juli skal DJ Agúst sørga for si heilt spesielle kontakt med dei unge på eit alkoholfritt arrangement, slik at dei under 18 skal få seg ein kul kveld i teltet. Torsdag 12. august får vi det lokale ungdomsbandet Silver Wings tilbake på scenen. Dei spelte i fjor, og vi er utruleg glade for at dei har heldt koken og øvd gjennom heile corona-perioden og er klare til å gje ungdommane nok ein knallkjekk kveld i teltet, avsluttar Helland.