Søndag kveld kan du mellom anna få sjå opp att potetfilmen som vart lagt i Fitjar i 1980.

– Filmen teiknar eit veldig spennande og interessant bilete av denne viktige delen av Fitjar si soge. Salamon Nygård og Johannes Landa vert intervjua og fortel om dette livet.

Me får møta hovudpersonane Mikjel, Marta og Bodil Hjelmen som viser både setjing og opptak av poteter, truleg på Hjelmen. Me får og glimt frå Smedholmen kyst- og leirskule med Atle Tellnes, som fortel om og demonstrerer flakabåtane som vart brukte.

Flakabåtene vart lasta i Gloppevågen, og me får vera med på dramatisk seglas til Bergen med poteter. Filmen avsluttar med Torgdagen i Bergen, og syner korleis Fitjar-bøndene måtte slita seg opp dei trange smuga med potetkipene, seier Karvel Strømme som står for arrangementet med poteten i sentrum.

Arne Tislavoll, Lars Ove Rimmereid og Reidar Kloster vert også med på arrangementet.

Arrangementet finn stad på Fitjar folkebibliotek.